STILLING LEDIG:

Miljøarbeidar/­miljø­terapeut Hauatunet bu­fellesskap

Informasjon om stillingen

Stillingstype: Deltid

Tilsettingsforhold: Fast

Arbeidsstad: Ølen

Søknadsfrist: 08.12.2025

Kontaktinfo: Mari Vestbø Østenstad - Avd. leiar Hauatunet bufellesskap, mob: +47 97045009

Om arbeidsgivar

Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. 

På Hauatunet bufellesskap bur det personar som har behov for stabilitet, omsorg og støtte i kvardagen. 

Me søker etter engasjerte og trygge medarbeidar til to faste nattevaktstillingar i vårt bufellesskap for vaksne med psykiske lidingar. Her bur det personar som har behov for stabilitet, omsorg og støtte i kvardagen. Som nattevakt vil du vere ein nøkkelperson i å sikre ro, tryggleik og nødvendig oppfølging på nattestid.

Me har ledig to faste stillingar på ca. 28% med arbeid 3. kvar helg.

Kva får du jobba med hos oss?

  • Miljøarbeid
  • Tilrettelegging og hjelp til daglege gjeremål
  • Behandling, individuelle samtalar, rettleiing
  • Samarbeid 

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk
  • Med vår helgeavtale kan du tene ekstra per time når du tek på deg fleire helgevakter - meir jobb i helga, meir pengar i lomma!

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar.
  • Kandidatar med vidareutdanning innan rus og psykiatri oppfordrast til å søka.
  • Det er ønskeleg med relevant erfaring frå psykisk helsearbeid og liknande bufellesskap.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
  • Førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar:

  • Reflektert, engasjert og løysingsorientert.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt relasjonelle ferdigheiter som gjer ein i stand til å snakke med bebuarane, deira pårørande, kollegaer og samarbeidspartnarar.
  • Robust, trygg og open personlegheit.
  • God arbeidskapasitet, er utholdande og tolmodig.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i saman med andre.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Søk her

Powered by Labrador CMS